logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

 
Kva skjer?

11.09 - 12.09
11.00-14.00 Kurs gammeldans/turdans NBgt 22, Oslo

12.09
18.00 Minikurs - Vågåspringleik NBgt 22, Oslo

12.09
19.30 Søndagsdans - Elise & Olaug NBgt 22, Oslo

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Jon Aarekol er død

Jon Aarekol døydde 2. september etter å ha vore sjuk i tid. Jon var frå Øystese i Hardanger, han vaks opp i eit miljø der folkedans og folkemusikk var viktig både i heimen og i vennelaget. På 1970 talet kom han til Bergen som student, han vart der aktiv med i BUL Bergen både som folkedansleiar og kordirigent. Han var også med på å skipa spelemannslaget Syndebukken. Etter vidare utdanning på Høgskulen i Volda, kom han til Oslo på 1980-talet. Jon vart tilsett i Noregs Ungdomslag og jobba med informasjon og lagsbladet Norsk Ungdom, som han fekk fornya og gjeve ut i nytt og meir moderne format. Seinare vart han leiar i Kringkastingsringen og samstundes tilsett i Noregs Mållag som studieleiar. Han jobba også med informasjonsarbeid i Norges Mållag og var med i redaksjonen til bladet Norsk Tidend.

Les meir

Skal vi danse? Kom og dans - hos oss ... <<<<<<< Sjå kalender - sesongen i startfase ...

Likar du å danse – eller har lyst å lære? Hos oss kan du trimme deg glad til levande musikk. Her er stor variasjon: folkedans, gammaldans, runddans, turdans, bygdedans, rekkedans/stildans og songdans. I lokala våre i Nordahl Brunsgt. 22 kan du velje og vrake – i dans og vekedag. Nesten kvar dag veka igjennom blir det dansa til levande musikk – fele, trekkspell, torader + komp. Vi legg vekt på å få eit triveleg miljø. Manglar du partnar? Det gjer ingenting – her er alle velkomne! Håper vi ser deg - med eller utan dansepartner!

Les meir

BLS - hausten 2010

Her finn du ein oversikt over dei fleste danse- og kursaktivitetar i BLS-regi hausten 2010 som kjem i tillegg til laga sine faste øvingskveldar.

Les meir

Folkedanskveld / Søndagsdans

Kriblar det i danseføtene? Møt opp på ein søndagsdans - gjerne med ein ny danseven eller to. Godt spel, fin stemning bør inspirere fleire til å finne dansegleda i Nordahl Brunsgate 22. Nær alle søndagar (i perioden september - mai) frå kl. 19.30 - 22.45 er det søndagsdans i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

Les meir

Bygdelagssamskipnaden (BLS)

Kven er vi - kva driv vi med ...

Les meir