logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Konferanselokale        
 

: Test
: Storsalen
: Halli
: Blåsalen
: Møterom

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Skal vi danse? Velkommen til dans i 2014 ... <<<<<<< Sjå kalender

Likar du å danse – eller har lyst å lære? Hos oss kan du trimme deg glad til levande musikk. Her er stor variasjon: folkedans, gammaldans, runddans, turdans, bygdedans, rekkedans/stildans og songdans. I lokala våre i Nordahl Brunsgt. 22 kan du velje og vrake – i dans og vekedag. Nesten kvar dag veka igjennom blir det dansa til levande musikk – fele, trekkspell, torader + komp. Vi legg vekt på å få eit triveleg miljø. Manglar du partnar? Det gjer ingenting – her er alle velkomne! Håper vi ser deg - med eller utan dansepartner!

 
Høstfest i Rundsnuen Danselag 2008 (Foto:V. Bakken)

Kva dag høver for deg?
I lista under får du oversikt over kva dei ulike laga kan tilby av øvingskveldar og kurs (sjå linkar til dei ulike laga).

Søndagar:
Søndagsdans
Søndagskveldane, kl. 19.30 – 22.45, kan du få svinga deg til dansemusikk frå dei beste gamaldansgruppene i landet, av og til også innslag av swing, tango – og bygdedans. I tillegg kan det vera tilbod om minikurs i ulike dansar - ein smakebit av dansar som blir nytta i miljøet.

Mandagar:
Numedalslaget i Oslo 
(annankvar mandag - bygdedans frå Numedal)
Valdreslaget i Oslo 
(annankvar mandag - bygdedans frå Valdres)
Oslo Songdanslag
(ca. ein gang pr. mnd - turdans, songdans, gamaldans,bygdedans)

Tysdagar:
Sogn og Fjordaneringen
(gamaldans, turdans, bygdedans, stildans og songdans)
Leikarringen i BUL Oslo 
(runddans (gammaldans), turdans, rekkedans, bygdedans og songdans) 
(Øvingar kl 19.30 i Teatersalen, Rosenkrantzgate 8)
Barnelaget i BUL
()

Onsdagar:
Hallinglaget i Oslo
(annankvar onsdag - bygdedans frå Hallingdal) 
Leikarringen Symra
(songdans, gamaldans, bygdedans og stildans)

Torsdagar:
Hordaringen i Oslo
(gammaldans, turdans, rekkedans og songdans)
Telelaget i Oslo 
(bygdedans frå Telemark)
Barnelaget i BLS
()


Dansekurs/opplæring - 2014
Aktuelle kurs

 

Å danse…
- er kroppens naturlige uttrykksmåte
kanskje opplagt, kanskje ei gåte
- er god trening, bedrer din fysikk
skjerper sansene og kroppens motorikk
- gjør at du vil smile og le,
du glemmer tid og sted
- gjør at du kjenner det kribler litt,
vær så god, gulvet er ditt…

 

Sist oppdatert 29 DES 2013