logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Bygdelagssamskipnaden (BLS)

Kven er vi - kva driv vi med ...

 

Bygdelagssamskipnaden er fylkeslag for lag og ringar i Oslo og omland. Fylkeslaget er tilslutta Noregs Ungdomslag (NU).  Fylkeslaget har 18 medlemslag, med 1305 medlemer.  Vi vil gjerne ha ny medlemer og har mange kurs både haust og vår.

Alle er velkomne til våre arrangement, som er fundamentert i folkekultur og folkedans

Folkedanskveldane er unike. Kvar søndag samlar vi mellom 40 - 70 danseglade til flott musikk ved forskjellige spelegrupper/lag. Rusfritt miljø med dans og sal av vafler og kaffe/brus.

Dette er ein god måte å trimme på - som ein garantert vert i godt humør av.

Velkommen til Folkedansmiljøet i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

Fylkeslaget driv og eig Nordahl Bruns gate 22, der det i tillegg til 3 store dansesalar er utleige av kontorlokale og hyblar. 

Dansesalane blir  nytta som konferanserom av  eksterne leigetakarar når vi ikkje brukar dei sjølv. Lag og ringar har øvingskveldar og nyttar stort sett alle salane kvar kveld heile veka.